På feil side
Hei. Er det noen som gidder å gi meg nogen kommentarer? Vet liksom lite om hvordan jeg kan bli en bedre fotograf uten...
Utstyr
  • -
  • -
  • Blender-
  • Nei
  • Exif Vis basisinfo - Vis all bildeinfo
Annen info
  • KategoriDiverse
  • Lastet opp
  • Visninger376
  • Nøkkelord
Linker og deling
Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_151969} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.
Ønsker du å bruke/kjøpe dette bildet?
Kritikker (1)
Trygve F.

Kompositorisk:
Biletet er spanande samansett, du nyttar sterke geometriske former som er med på å ramma inn biletet på ein uryddig men samstundes krass måte. Biletet fortel to historiar som er tydeleg gjeve att i val av utsnitt, motiv og fokusområde.

Forteljinga:
I dette biletet ser eg i hovudsak to soger: den om det søte liv plaskande i strandkanten eller i motorbåten, og den som er avskjerma frå dette livet (rep. ved piggtråden). Fokusområdet er på piggtråden og slik som tittelen seier er det den historia som du vil fortelja.

Eg er litt usikker på om det kanskje hadde vore betre å ha fokusområdet på dei badande. Det er DET som er draumen for den som står utføre og ser inn. Draumen let seg ikkje naudsynsvis stogga av piggtråd. Då ville piggtråden vore røynda som slørte til biletet. - Kanskje litt djupe tankar, men det er min umiddelbare reaksjon.

Eg ville og prøvd å ha eit litt større fokusområde (mindre blendar) for å ha anten heile badestranda eller heile piggtråden i fokus.

Kanskje det hadde vore meir verknadsfullt å hatt utsnittet meir konsentrert kring den eine sirkelen - då ville uttrykket vore reinare og ikkje så rotete.

Alt i alt er dette eit bilete som tiltalar meg, det fortel om skilnader mellom fattig/rik og grunnlaget for det søte livet me lever (dvs. at andre må leva under hardare kår). Eg gler meg til å sjå andre bilete frå din kant.
Du må være logget inn for å kunne kommentere bildene på foto.no.
Tastatursnarveier: forrige Goversikt neste
Åpne uskalert versjon i eget vindu